Bokmannen har holdt koken i eitt år allereie, og feirar det med sal, sal, sal! Eitt år med billig og god litteratur i Volda har vore mogleg takka vere kjekke kundar som veit å sette pris på gode bøker og gode kupp.
Vi er takksame for all rosen og gode ord vi får, og skjønar at bokentusiastar i Volda er glade for at det finst ein bokhandel med så godt utval til ein så billig pris som vi har.
Det vi håpar på no, er at fleire tek turen innom for å kjøpe bøker - vi er nemleg avhengige av kjøpeglede blant entusiastane for å overleve!
Hjelp oss å halde ope eit år til, og kjøp bøkene dine med oss.
onsdag 19. oktober 2011
torsdag 17. februar 2011
TV-sunnmøre og litteraturdag
Geir har atter ein gong snikt seg inn i rampelyset, denne gongen på lokalkanalen TV-sunnmøre. På dette innslaget gjer han atter eit tappert forsøk på å forklare leseteknikken som gjorde at han klarte å lese 2000 bøker på eitt år, i tillegg til at du får sjå han lese ei bok på 60 sider på litt over 5 minutt. Sjå her!

Førstkomande laurdag er det duka for litteraturdag. Geir skrur ned kaffiprisen få "nesten gratis" til "heilt gratis" - utan baktankar. Bøken
e er framleis billige, og Geir er framleis gla for alle besøkande som vil slå av ein prat.
Seinare på Det Grøne Treet vil forfattarane Erlend Erichsen og Didrik Morits Hallstrøm lese opp utdrag frå romanane sine.
Alle er velkomne - og hugs: Reading is sexy...

søndag 9. januar 2011
Nye gamle bøker

Vi har nyleg tømt ei folkeboksamling på Rovde, og fått inn mange skattar i bokhandelen. Mellom anna Ragnar Hovland, Rolf Sagen, Odd Eidem, Roy Jacobsen, Anders Hovden og Knut Hamsun.
Er du ein krimentusiast? Her er ei lita liste over forfattarar som er i vinden for tida, og i pent brukt versjon får du dei MYKJE billigare her hos oss enn i andre bokhandlar: Liza Marklund, John Grisham, Stieg Larsson, Henning Mankell, Jo Nesbø, Jan Guillou, Unni Lindell, Gunnar Staalesen, Karin Fossum, John Michelet og John le Carré. Berre for å nemne nokre.
I tillegg har vi ei god samling av bøker om fisking for dei som er interesserte i det.
Så har vi også ei anna artig utgåve for sal, nemleg kokeboka til Sophia Loren. Vi kan ikkje stå inne for innhaldet, men omslaget er absolutt iaugefallande.
Lik oss på fjesboka
Lik oss på Facebook, og du får dei siste oppdateringane frå Bokmannen!
No har vi ei side der vi jamnleg oppdaterer med nyhende om nye donasjonar, spesielle tilbod og andre boknyhender og linkar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
